Onsdagsomvisninger kvar månad Onsdagsomvisninger kvar månad
Publisert: 22. april 2019 Oppdatert: 23. april 2019
Fyrste onsdag kvar månad klokka 14 tilbyr Norsk Oljemuseum noko ekstra til våre gjester! Då har du moglegheit til å vera med på ein omvisning i vår utstilling, utan ekstra kostnad.
Omvisning i oljemuseet med museumsvert Alina Fjermestad som guide. Foto: Shadé B. Martins
Omvisning i oljemuseet med museumsvert Alina Fjermestad som guide. Foto: Shadé B. Martins
Print Friendly, PDF & Email

Program våren 2019

Onsdag 1.mai: Oljeboda og den lille oljekatekismen.
Noreg er eit rikt land fordi me har olje. Dette er ein påstand mange kan stilla seg bak, men kvifor er det slik? Dei 10 oljeboda er ei prinsipperklæring som kom i 1971 og har vore ei viktig rettesnor. Kva desse går ut på, korleis dei har blitt levd opp til og kva betydning dei har hatt kjem det til å handla om i denne onsdagsomvisninga.

Onsdag 5.juni: Ulykker og regelverk

———————————————————————-
Barnevogn eller rullestol er ingen hindring for å delta på omvisning.

Bølgen & Moi gir 20% rabatt på lunsj same dag.